Bransje: Reklamebyrå

Telefon: 53403260

post@sydvest.no

www.sydvest.no

Sydvest

Strategisk kommunikasjon i ei digital tid.

Sydvest er sju tilsette som leverer tenester innan strategisk kommunikasjon, merkevarebygging og digital læring. Me er stolte og patriotiske sunnhordlendingar og arbeider kvar dag med å byggja sterke merkevarer av bedrifter og produkt frå regionen vår. Vår rolle er å gi bedrifta eller merkevaren ein sterk og tydeleg identitet, og utvikla ein kommunikasjonsplattform som fungerer over tid. Sydvest har utvikla ein eigen og effektiv metodikk for dette.

Sydvest er ei vidareføring av byrået som vart stifta tilbake i 1982 og har tilsette med god kompetanse og brei erfaring. Byrået har dei siste åra bygd opp solid kompetanse innan digitale løysingar. Me har lang erfaring med finna enkle, men effek- tive løysingar på komplekse utfordringar. Vårt mål er å skapa begeistring og resultat for kundane våre.