Bransje: Advokater

Telefon: 53454000

responsa@responsa.no

www.responsa.no

Responsa

Advokatfirmaet Responsa AS er eit advokatfirma som held til i Sæ rett utanfor Leirvik sentrum (Stord kommune) og i Isvik i Skjold (Vindafjord kommune).

Me er i dag 14 tilsette – 10 advokatar, 1 advokatfullmektig og 3 advokatsekretærar/ kontormedarbeidarar.

Me tek på oss oppdrag innanfor dei fleste juridiske felt og har som mål å bli eitt av dei beste advokatkontora på Vestlandet innanfor fleire rettsområde. Våre advokatar er tilsett på grunnlag av gode juskarakterar og gode personlege eigenskapar. Dette skal visa att i eit kvalitativt godt arbeid for våre klientar. Om lag halvparten av advokatane våre arbeider hovudsakleg med forretningsjuridiske saker, der selskapsrett, insolvensrett (konkurs/gjeldsforhandling), entrepriserett og fast eigedom er mellom våre satsingsområde. Me har også omfattande kompetanse og erfaring innanfor barne-, familie-, barneverns-, straffe-, arve-, utlendings- og forvaltningsrett.

Vårt mål er å sette i saman våre ulike styrkar slik at me til saman vert eit ”lag” som skal kunne hjelpa personar og nærlingslivsaktørar på ein slik måte at summen av vår kunnskap og kompetanse gir eit resultat som vår klient er meir enn nøgd med.

Våre klientar skal føle at dei er blitt ”teken hand om” av våre medarbeidarar i labyrinten av reglar i dagens komplekse samfunn. Me set høg kvalitet og etikk i sentrum samstundes som me heile tida skal ha fokus på dei menneskelege aspekta ved ei sak slik at klienten skal sitja att med ei oppleving av at det å søkja hjelp hos oss var ei god investering for å få førebyggja eller løysa eit rettsleg problem eller tvist.

Me meiner det er umogleg for ein einskild advokat å vera spesialist i på alle juridiske fagområde. Advokatfirmaet Responsa AS satsar difor medvite på at den einskilde advokat skal få utvikla og vedlikehalda solid kompetanse innanfor sine nisjar.