Velkomen til

Kunnskapshuset

Marknadsleiande kompetanse samla på ein stad

Velkomen til

Kunnskapshuset

Marknadsleiande kompetanse samla på ein stad

ikon-bygget

Om bygget

Kunnskapshuset er eit attraktivt og miljøvenleg nærings- og kontorbygg i Sæ på Stord, med kort gangavstand til sentrum. Bygget har moderne og funksjonelle kvalitetar, og husar eit innovativt miljø med ei rekkje moderne kunnskapsbedrifter samla under same tak.

ikon-fasiliteter

Fasiliteter

Gode fasilitetar som gjer bygget til ein triveleg og effektiv arbeidsstad. Sentral beliggenhet og god parkering gjev enkel tilkomst for ansatte og besøkande. Moderne kontorlokaler med lett tilgang på møterom, kantine, treningsrom og moderne fellesfunksjonar, gjer det enkelt å trivast her.

ikon-bedriftene

Bedriftene

I Kunnskapshuset finn du ei rekkje små og mellomstore kunnskapsbedrifter innan m.a. rådgjeving, økonomi, design og reklame, shipping og teknologi.

SENTRAL PLASSERING

Kunnskapshuset er lokalisert i kort gangavstand frå Leirvik sentrum på Stord, kun 400 meter frå E39. Kontorbygget ligg rett ved sida av vegen mellom Leirvik sentrum og E39, og har dermed veldig god eksponering og enkelt tilkomst.

GOD PARKERING

Framføre bygget finn du ein stor parkeringsplass. Me tilbyr i tillegg parkering bak bygget, kor du også finn fire ladestasjonar for el-bil. I tillegg har me også nokre parkeringsplassar innandørs i første etasje.

MODERNE MØTEROM

Bygget har fem felles møterom med gode og moderne fasilitetar. Møteromma varierer i størrelser, og passar for møter frå 2-25 personar. Det er i tillegg fire tilgjengelege gjestekontor som leigetakarane på bygget kan booke ved behov, f.eks. for besøkande samarbeidspartnarar o.l.

BETJENT KANTINE

Den hyggeleg kantina vår er betjent mellom 11.00-12.30, og har plass til kring 80 personar. Her er også eit tilhøyrande terrasseområde for fine dagar. Kantina er vidare utstyrt med moderne teknisk utstyr, og er såleis godt eigna for bruk i samband med møter, kundearrangement eller andre sosiale lag.

VELUTSTYRT TRENINGSROM

Eit eige, velutstyrt og moderne treningsrom gjev oss på bygget eit godt tilleggstilbod som du ikkje finn særleg mange andre kontorbygg. Her har du det du treng av treningsapparat og treningsutstyr. Treningsrommet har gode garderobe- og dusjfasilitetar, og er ope i tidsrommet 07.00-23.00 alle dagar.

FLOTTE FELLESAREAL

Kontormiljøet har attraktive fellesareal og felles møteplassar, enkelte med kjøkkenløysing. Dette gjev god trivsel og eit større miljø for alle som har arbeidskvardagen sin her. Det gjev også eit godt kvalitetsinntrykk av vår arbeidsstad til dei som besøkjer oss.